sports

To Strøm på pallen i hopp

OL-gullvinnar Anna Odine Strøm var også sterkast under hopp-NM i stor bakke i Holmenkollen. Strøm vann rennet, medan Gyda Westvold Hansen tok andreplassen og Heidi Dyhre Traaserud to tredjeplassen. – Det blir mykje medaljar. Eg må finne ut kor eg skal ha dei, seier Strøm til NRK etter å tatt NM-gull. I herreklassa hoppa veslebror Jørgen Oliver Strøm. Han hoppa inn til ein tredjeplass. – Morosamt å sjå. Det var ein bra førsteomgang, men han har noko å jobbe med, seier storesøster Strøm om veslebror Strøm. Benjamin Østvold vann NM-gull, og Oddvar Gunnerud blei nummer to. Dei største favorittane hoppa ikkje så langt i første omgang, Kristoffer Eriksen Sundal fekk 114 meter. I finaleomgangen hoppa han 126,5 meter. Det heldt til ein fjerdeplass.

Read full story at NRK →